Grove og saftige scones som mettar lenge, og som passar perfekt i matpakka. På tur, så vel

som på skulen.

Slik gjer du:

  1. Sett ovnen på 225 grader.
  2. Bland saman alt det tørre.
  3. Tilsett kefir og bland raskt saman. Juster konsistensen med mjølka – kanskje treng du meir, kanskje mindre. Deiga skal vere litt klissete.
  4. Ha eit tynt lag mjøl på benken, og del deiga i to like store emner som du formar til runde kuler. Legg begge kulene på ei bakeplate med bakepapir, og klapp kulene litt flate på toppen. Del begge emna i 4 ved å lage eit kryss nesten tvers gjennom med ei deigskrape eller ein kniv. Pensle/spray vatn på toppen, og strø over litt havregryn.
  5. Steik ved 220 grader i ca 20-25 minutt +/- til sconesen har fått ein gyllenbrun farge over og under. Avkjøl på rist.

 

Tips:

Dette er scones av den tyngre varianten, som har som formål å mette lenge, og som passar

best med pålegg ved sidan av.

Er du glad i tørka frukt eller nøtter kan du erstatte litt av havren med dette.

Laget av landslagsbaker Trude Beate Brendehaug