Kva med å børste støv av ein gamal klassikar til påske? Ikkje berre er den god, den er gul også!

– perfekt til påskekosen 🐣

Slik gjer du:

  1.  Rist nøttene i ovnen ved 180 grader i ca. 10 minutt – avkjøl. Dette steget er valfritt, og kjem an på om du føretrekk rå eller rista nøttesmak.
  2. Mal nøttene i ein foodprosessor eller liknande. Bland inn Maizena.
  3. Pisk eggekvitane til dei skummar, tilset sukkeret, og pisk vidare til stiv marengs.
  4. Vend nøttene forsiktig inn i marengsen med ein slikkepott, og fordel i ønska form (eg brukte ei rektangulær form på 17 x 27 cm, men ei rund form på 22/24 cm funkar også fint).
  5. Steik midt i omnen ved 180 grader i ca 12-15 minutt. Botnen skal sleppe kanten og ha ein gyllen brunfarge når den er ferdig.

 

suksessterteredigert.jpg

 

  1. Rør saman alle ingrediensar unntatt Bremykt og sitronsaft i ei kjele.
  2. På middels varme, gi kremen eit oppkok medan du rører kontinuerleg. Når kremen er ved kokepunktet, ta kjela av plata og rør inn Bremykt og sitronsaft. Kremen skal no vere tjukk, men glatt og fin i konsistensen.
  3. Er det ønskeleg med litt ekstra hold i kremen kan 1 plate gelatin (bløyt i vatn) tilsetjast og rørast inn til slutt (valfritt).
  4. Avkjøl kremen litt før du heller eller brer kremen utover bunnen (har du ein tett ring rundt bunnen kan kremen hellast over).

 

 

Tips og Triks:

  • Mange syns at suksesskrem ofte kan bli litt for tung og mektig – nokre dråpar sitronsaft gir kremen eit lite løft og eit hint av friskhet (valfritt).

 

  • Er det familie eller vener i huset som ikkje toler nøtter, bytt nøttene i botnen ut med rista gresskarkjerner for eksempel!

 

  • Kaka kan frysast både med og utan krem 🙂

 

Laget av landslagsbaker Trude Beate Brendehaug