Har du prøvd å lage berlinerbollar før? Heimelaga berlinerbollar anbefalast på det sterkaste!

Slik gjer du:

Dag 1

  1. Veg opp alle ingrediensar og ha alt utanom melk og meierismør rett i eltebollen. Tilsett nesten all melka (hold igjen ca. 1 dl.) og elt i maskin på sakte fart i 10 minutt.
  2. Skru opp farten og elt vidare i ca. 15 minutt, til du ser at deiga begynner å få ei meir skinnande overflate og slepp bollen. Sjekk glutennettet undervegs ved å dra litt deig mellom fingrane dine; glutennettet er godt utvikla når du kan dra deiga ut i ei heilt tynn, nesten gjennomsiktig «tyggegummiboble-aktig» hinne utan at den sprekk.
  3. Når glutenet er godt utvikla, tilsett litt og litt smør i deiga, men vent med å tilsetje meir til det første er blanda godt inn. – Deiga er ferdig når alt smøret er køyrt inn og er jamnt blanda.
  4. Legg deiga i ein rein bolle, dekk til med plast og sett i kjøleskapet over natta.

 

Dag 2

  1. Finn fram kjevle og ein utstikkar med passeleg størrelse til ein berlinerbolle. Du treng eit tynt lag mjøl på bordet, men ikkje mykje. Finn også fram brett med bakepapir som du sprayar med formfett eller gnir inn med litt nøytral olje.
  2. Ta deiga ut frå kjøleskapet og kjevl ut til ca. 1/2 cm i tjukkelse. Stikk ut sirklar og legg på brett med litt avstand imellom. Gjenta dette 3 gongar. – kna restane saman og kjevl ut på nytt. Blir deiga strev og vanskeleg å kjevle ut, dekk den til og legg den tilbake på kjøl i 15 minutt før du prøver på ny. Den vesle deigklumpen som blir igjen etter tredje runde kan du trille til små runde bollar.
  3. Dekk til bretta med sirklar, som etterkvart blir til berlinerbollar, og hev til litt meir enn dobbel størrelse. Dette tar ca. ein time +/-.
  4. Varm opp nøytral olje som raps eller solsikke til 180 grader. Bruk helst termometer.
  5. Steik berlinerbollane til dei er gyldenbrune på begge sider og rull i sukker med ein gong før du legg dei på brett med bakepapir. – rullar du ikkje i sukker med ein gong vil ikkje sukkeret feste seg skikkelig. Begynn med å fritere det første brettet og dei første berlinerbollane som du stakk ut, og så jobbar du deg derifrå.
  6. Når berlinerbollane er avkjølte, stikk eit hol midt på den lyse stripa og fyll med syltetøy eller heimelaga vaniljekrem. – eller kanskje begge delar?

 

Syns du det blir for søtt eller at det ikkje er så godt med knasande sukker utanpå berlinerbollen, kan du droppe dette steget og heller drysse eit tynt lag melis over kalde og ferdig fylte berlinerbollar rett før servering.

 

Tips:
Rut opp bakepapiret med ein kniv rett før du skal steike berlinerbollane, så plukkar du berre opp ein og ein sirkel på papiret og kvelver lett nedi olja (Biletet under er donuts, ikkje berlinerbollar).

Berlinerbollar-tips

Laget av landslagsbaker Trude Beate Brendehaug