Slik gjør du:
Brioche
- Ha alle ingrediensar utanom saltet og 1/3 av smøret oppi ein eltebolle og elt i 10 minutt på sakte fart.
- Etter ti minutt, ha i saltet og elt vidare på litt høgare hastigheit til deiga er glatt og smidig – ca 10-15 minutt. Sjekk glutennettet undervegs ved å dra litt deig mellom fingrane dine; glutennettet er godt utvikla når du kan dra deiga ut i ei heilt tynn, nesten gjennomsiktig «tyggegummiboble-aktig» hinne uten at den sprekk.
- Tilsett resten av smøret, litt og litt. – Du vil no sjå at deiga slepp bakebollen og får ei «glossy» overflate. Deiga er ferdig når alt smøret er køyrt inn og er jamnt blanda.
- Dekk til bakebollen og la deiga stå på kjøkkenbenken til den har blitt dobbelt så stor.
- Bruk vekt og del opp deiga i like store emner på 80 gram. (Ynskjer du større eller mindre bollar kan du sjølvsagt gå opp/ned i vekt, men ha lik vekt på alle emna).
- Trill deigemna til runde bollar. Så får du to valg:
– Ynskjer du å lage ein slags «knute-bolle» som eg har laga, trill ein og ein bolle ut i ei passe lang pølse og form til ein «knute». – legg på bakeplater.
– Ein enklare, men like bra versjon er å gå for ein «skulebolle-variant», (berre uten kokos). Då legg du dei runde bollane rett på bakeplater. - Hev bollane over oppvaskkummen i-tappa varmt vatn, eller på ein lun og varm plass, med kjøkkenhandle over til nesten dobbel størrelse.
- Sett steikeovnen på 210 grader.
- Trykk bollane litt ned på midten der vaniljekremen skal vere, og fyll vaniljekrem i gropa. Hev bollane vidare til dei har fått dobbel størrelse.
- Pensl bollane med egg og steik midt i ovnen i +/- 9 minutt, (størrelsen på deigemna avgjer steiketida.) Bollane skal vere gylne og fine i fargen både over og under, og med en fin lys hinne rundt kanten.
- Voilà! Avkjøl og nyt 🙂
Brioche smakar nydeleg når dei framleis er litt lunka; dei nærmast smeltar på tunga! – berre bit i ein og prøv, det anbefalast!
Vaniljekrem:
- Kok opp halvparten av melka med smøret, sukkeret og vaniljestanga i ein kjele. (Hugs å splitt vaniljestanga på midten og skrap ut alle frøa først).
- Pisk saman eggeplommar, maizenna og resten av melka i ein bolle for hand. Pass på at maizennaen ikkje ligg igjen på botn.
- Når melka (i punkt 1.) er kokt opp, hell ca halvparten av dette over eggeplommeblandinga i ei tynn stråle medan du rører godt med ein visp. Hell så dette tilbake i kjelen igjen i ei tynn stråle medan du framleis rører.
- Under konstant røring, kok vaniljekremen til den når kokepunktet og begynner å tjukne. Rør godt så den ikkje klumpar seg! Når kremen er synleg tjukk, men framleis blank, er den ferdig.
- Hell vaniljekremen i gjennom ei sikt for å få fjerna eventuelle klumpar o.l, og sett kremen til avkjøling. – dekk til overflata med plastfilm sånn at det ikkje kjem snerk! Fyll i sprøytepose.
- Evtentuelt: har du tid til å røre i kremen så det ikkje kjem snerk, så kan du røre den kald i vannbad før du heller den i sprøytepose.
Tips/triks:
Brioche smakar også kjempegodt akkurat som den er! Uten krem eller andre ting. Men viss ein ynskjer, kan ein også tilsetje fyll rett i deiga. – Sjokoladebitar for eksempel, det blir kjempegode sjokolade-brioche!
Lag gjerne litt melisglasur som du f.eks sprøyter lett over bollane rett før servering. Både ser pent ut og smakar godt 🙂