Haustbrød

med innslag av norske epler, gulrot og frø

Steketid: (tid det tar å steke)

ca 30 minutt +/-

Dag 1;

  1. Lag poolish (fordeig) ved å blande saman alle ingrediensar, rør godt med visp. Dekk til med plast og la stå på kjøkkenbenken til neste dag.
  2. Rist solsikkefrø og gresskarkjerner i ovnen til dei er gyldenbrune i fargen. Tid vil variere frå ovn til ovn, men ca 5-10 minutt på 180 *C.

Dag 2;

  1. Rasp gulrøtter og skjær eple i små terningar.
  2. Bland saman poolish, kveitemjøl, sammalt rug, gjær og vatn i ei kjøkkenmaskin og elt til ei glatt deig. – hold gjerne igjen 1 dl av vatnet som du tilsett litt etter litt seinare i elteprosessen. Elt deiga i ca 5 minutt på sakte fart og 10 minutt på medium/rask hastighet.
  3. Tilsett saltet når deiga byrjar bli glatt og smidig. Deiga er ferdig elta når du kan strekke den ut til ei tynn «tyggegummiboble-aktig» hinne som ikkje rivnar. (då er glutenet i deiga godt utvikla).
  4. Til slutt, når deiga er ferdig elta, tilsett solsikkefrø, gresskarkjærner, gulrot og epleterningar. Elt vidare eitpar minutt til alle ingrediensar er jamnt fordelt.
  5.  Ha deiga oppi ein større bakebolle som du smører med olje eller formfett, og dekk til med eit klede eller plast. La deiga modne/heve til den er dobbel størrelse, ca 2 timar.
  6. Gjerne stram opp deiga etter ein halvtimes tid ved å «folde den over» seg sjølv eitpar gangar. Dette for å stramme glutenet ytterlegare og dermed få meir spenst i deiga.
  7. Ha deiga over på benken med litt mjøl under, og del deiga i 3 like store emner. – bruk vekt. Rundvirk deigemna og la dei kvile på benken under eit klede i ca 15 minutt.
  8. Rundvirk dei 3 deigemna ein gang til og sett på brett med bakepapir. Hev under klede til ca dobbel størrelse.
  9. Dekor er valgfritt! – Kva med å ha solsikkefrø eller gresskarkjerner på toppen? Eller kanskje berre sikte over litt sikta rugmjøl og eventuelt også lage eit snitt eller tre med ein skarp kniv? Du velger 🙂
  10. Steik brøda midt i ovnen på 220 – 230 grader i ca 30 minutt. Brøda er ferdig stekt når du høyrer ein «hul» lyd når du bankar på undersida av brødet. – avkjøl på rist.
Laget av landslagsbaker Trude Beate Brendehaug