Således gjer du:
Du treng 1 stk baguette, (eller fleire viss du ynskjer å lage større porsjon), og du kan velge å lage denne sjølv – sjå oppskrift http://vielskerdeig.no/baguettar/ – eller rett og slett berre kjøpe ein god baguette frå eit bakeri 🙂
Tomat-topping:
- Vask og del tomatane i to. Skjær vekk stilken og grav ut innmaten med ei skei. (Dette for å fjerne mest mulig væske sånn at brødet ikkje blir bløtt.
- Skjær tomatane i små terningar, finhakk eit kvitløksfedd og finsnitt basilikumblada. Bland dette saman i ei lita skål saman med ei ss god olivenolje, og smak til med maldonsalt og litt nykverna pepper. – sett til side.
- Sett steikeovnen på 200 grader.
Skjær baguetten i 1 cm tjukke skiver på skrå for å få størst mulig snittflate, og pensl skivene med olivenolje på begge sider. Legg på steikebrett med bakepapir og steik midt i ovnen i ca 8 minuttar til skivene er sprø og gylne. - Del siste kvitløksfeddet i to og gni kvitløken mot dei varme skivene. Den ru overflata på det stekte brødet vil gjere at kvitløkssmaken fordelar seg godt.
- Rett før servering, ha på tomat-toppinga og pynt gjerne med eit basilikumblad eller to. – Vel bekomme!
Tips/triks:
- No som grillsesongen er i gang, steik gjerne bruschettaen ute på grillen! Akkurat samme framgangsmåte, men legg i staden dei pensla skivene rett på grillrista nokre minutt på kvar side til dei er gylne og sprø.
- Det er absolutt ikkje nødvendig å bruke dagsfersk baguette til bruschettaen! Bruk gjerne baguettar som begynner å bli tørre; ein perfekt måte å bruke dei på i staden for å kaste dei!