Brioche

- med vaniljekrem

Brioche har si opprinning frå Frankrike og er ei deig som kan vere både søt og salt, alt etter bruken. Brioche kan vere alt i frå brød og rundstykker til hamburger- og pølsebrød, til bollar og annan type søt bakst.

Brioche seiast å vere sjølve prinsessa blant søt kveitebakst, så her tar eg føre meg brioche som bollar!

Slik gjør du:

Brioche

  1. Ha alle ingrediensar utanom saltet og 1/3 av smøret oppi ein eltebolle og elt i 10 minutt på sakte fart.
  2. Etter ti minutt, ha i saltet og elt vidare på litt høgare hastigheit til deiga er glatt og smidig – ca 10-15 minutt. Sjekk glutennettet undervegs ved å dra litt deig mellom fingrane dine; glutennettet er godt utvikla når du kan dra deiga ut i ei heilt tynn, nesten gjennomsiktig «tyggegummiboble-aktig» hinne uten at den sprekk.
  3. Tilsett resten av smøret, litt og litt. – Du vil no sjå at deiga slepp bakebollen og får ei «glossy» overflate. Deiga er ferdig når alt smøret er køyrt inn og er jamnt blanda.
  4. Dekk til bakebollen og la deiga stå på kjøkkenbenken til den har blitt dobbelt så stor.
  5. Bruk vekt og del opp deiga i like store emner på 80 gram. (Ynskjer du større eller mindre bollar kan du sjølvsagt gå opp/ned i vekt, men ha lik vekt på alle emna).
  6. Trill deigemna til runde bollar. Så får du to valg:
    – Ynskjer du å lage ein slags «knute-bolle» som eg har laga, trill ein og ein bolle ut i ei passe lang pølse og form til ein «knute». – legg på bakeplater.
    – Ein enklare, men like bra versjon er å gå for ein «skulebolle-variant», (berre uten kokos). Då legg du dei runde bollane rett på bakeplater.
  7. Hev bollane over oppvaskkummen i-tappa varmt vatn, eller på ein lun og varm plass, med kjøkkenhandle over til nesten dobbel størrelse.
  8. Sett steikeovnen på 210 grader.
  9. Trykk bollane litt ned på midten der vaniljekremen skal vere, og fyll vaniljekrem i gropa. Hev bollane vidare til dei har fått dobbel størrelse.
  10. Pensl bollane med egg og steik midt i ovnen i +/- 9 minutt, (størrelsen på deigemna avgjer steiketida.) Bollane skal vere gylne og fine i fargen både over og under, og med en fin lys hinne rundt kanten.
  11. Voilà! Avkjøl og nyt 🙂

Brioche smakar nydeleg når dei framleis er litt lunka; dei nærmast smeltar på tunga! – berre bit i ein og prøv, det anbefalast!

Vaniljekrem:

  1. Kok opp halvparten av melka med smøret, sukkeret og vaniljestanga i ein kjele. (Hugs å splitt vaniljestanga på midten og skrap ut alle frøa først).
  2. Pisk saman eggeplommar, maizenna og resten av melka i ein bolle for hand. Pass på at maizennaen ikkje ligg igjen på botn.
  3. Når melka (i punkt 1.) er kokt opp, hell ca halvparten av dette over eggeplommeblandinga i ei tynn stråle medan du rører godt med ein visp. Hell så dette tilbake i kjelen igjen i ei tynn stråle medan du framleis rører.
  4. Under konstant røring, kok vaniljekremen til den når kokepunktet og begynner å tjukne. Rør godt så den ikkje klumpar seg! Når kremen er synleg tjukk, men framleis blank, er den ferdig.
  5. Hell vaniljekremen i gjennom ei sikt for å få fjerna eventuelle klumpar o.l, og sett kremen til avkjøling. – dekk til overflata med plastfilm sånn at det ikkje kjem snerk! Fyll i sprøytepose.
  • Evtentuelt: har du tid til å røre i kremen så det ikkje kjem snerk, så kan du røre den kald i vannbad før du heller den i sprøytepose.

 

Tips/triks:

Brioche smakar også kjempegodt akkurat som den er! Uten krem eller andre ting. Men viss ein ynskjer, kan ein også tilsetje fyll rett i deiga. – Sjokoladebitar for eksempel, det blir kjempegode sjokolade-brioche!

Lag gjerne litt melisglasur som du f.eks sprøyter lett over bollane rett før servering. Både ser pent ut og smakar godt 🙂

Laget av landslagsbaker Trude Beate Brendehaug